Hotel Union Øye

Rating 4.8 (average of 165 opinions)

Eit unikt og herskapeleg fjordslott i Norangsdalen.

Hotel Union Øye


I enden av Norangsfjorden, på Øye, ligg eit av Europas mest herskapelege hotell. Hotel Union Øye har i generasjonar vore eit attraktivt reisemål for konglege, forfattarar og fjellklatrarar. Heilt sidan opninga i 1891 har hotellet vore ein stad der gjestane kjem for å nyte stilla, roa og det gode livet i storslagne omgivnadar. Eit opphald på Hotel Union Øye er som å verte teken med tilbake i tid.

Hotellet sine 27 rom er alle individuelt dekorert og møblert med nøye utvalde antikvitetar. Romma er også oppkalde etter kjende personar som har budd på hotellet gjennom tidene; Keisar Wilhelm II, Kong Oscar II, Dronning Maud og Kong Haakon, samt forfattarane Karen Blixen, Knut Hamsun, Sir Arthur Conan Doyle og ikkje minst komponisten Edvard Grieg.

Hotellet sine tre etasjar er som eit levande museum. Kvar dag kan vitjande få høve til å sjå inn på hotellet sine ledige rom. Spaser ein tur i gangane og draum deg tilbake i tid! Hotel Union Øye er stolte av å vere medlem av ”De Historiske Hoteller og Spisesteder” i Norge. "De Historiske" er eit marknadssamarbeid mellom dei ærverdige og unike hotella og restaurantane i landet vårt. Gods, herregardar, sveitserhotell inst i fjordane og nydelege gjestehus i fjellandskap. Dette er det beste hotell-Norge har å by på.

    Hotel Resort, Food & Beverage

   +47 70 06 21 00

   www.unionoye.no

      Facebook page

      Norangsfjorden, Øye, Norway

  Parking in the street

Leave a comment


Other in the area



"Find your restaurant in one click"