Me på Nutheim kan garantere at både kropp og sjel vil ha det godt her hjå
oss. Om du skal på kurs, har noko å feire, vil reflektere eller berre stoppe
og kvile er Nutheim staden.
Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon
for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan
1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie.
Kunsten står i høgsetet hjå oss.
Det var hit til Nutheim mange av våre fremste målarar kom for inspirasjon gjennom fleire tiår.
...