Kostholdsveileder Henriette R. Hansen

Eg brenn for at nettopp DU skal være ein sunn person. Eg ønsker at du skal ha energi og overskudd i kvardagen, og forebygge eller reversere utviklinga av livsstilssjukdommar.

Kostholdsveileder Henriette R. Hansen


Eg brenn for at nettopp DU skal være ein sunn person!

I mai 2016 var eg ferdig utdanna Kostholdsveiledar, og starta med mine fyrste kundar. Sidan då har eg fått være med på å hjelpe mange personar - kvinner, menn, unge, gamle – på vegen til ein sunnare livsstil, og å nå sine mål.

Det å ete feil mat kan samanliknast med å fylle diesel på ein bensinmotor. Det ville du vel ikkje gjort? På same måte gir du kroppen din feil drivstoff ved å ete feil mat, men her merkar ein det ikkje like raskt som med bilen. Kroppen vil nok gi beskjed litt sakte men sikkert, og gjerne over så mykje som 20-40 år. Då er det kansje for seint å rette opp skadene. Derfor er eit sunt kosthald, med sunne og gode vanar – og litt sunne uvanar – kjempeviktig.

I det samfunnet vi lever i i dag er vi omringa med dårleg mat og altfor mykje snop. Dei som sel desse produkta gjer nesten kva som helst for å påverke oss til å kjøpe dei. I tillegg er det ein jungel av råd om kva du bør ete å kva du ikkje bør ete, og eg forstår godt at ein kan bli forvirra. Råda er ofte motstridande, og det ein las den eine dagen, kan ein lese det motsette av neste dag. I min jobb ønsker eg å birdra til kosthaldsVEILEDNING, i staden for kosthaldsFORVIRRING. Eg vil veilede deg på ein måte som skal fungere for deg, i din kvardag, og på ein måte du kan gjere det enkelt for deg sjølv å være sunn. Eg har stort fokus på at ein skal kunne handle i ein vanleg daglegvarebutikk, med mindre du har allergiar eller intoleransar.

Veiledninga foregår på den måten at du kjøper x antal timar (sjå under PRISAR). Desse timane kan vi fordele utover slik som det passar best for deg. Vanlegast er det å bruke 1-1,5 time første, og kansje andre gongen, for så å bruke 30-60 minutt per møte dei neste gongane. Det vil altså sei at om du kjøper 10 timar, kan du få 15 møter, alt etter korleis vi fordelar desse 10 timane. Som oftast møter kundane meg på Aktiv Trening Herøy, men vi kan også ta veiledninga ute på tur, på telefon dersom du ikkje bur i området, heime hos deg eller på jobben din (innanfor ein viss omkrets).

Dersom du vurderar om dette kunne være noko som passar deg, er du hjerteleg velkomen for ein uforpliktande prat! Enten på telefon (938 25 654), eller så er eg ofte å finne på Aktiv Trening Herøy (i 2etg på Sunnmørsbadet).

    Food & Beverage Company

   93825654

   www.aktivtrening.no

      Facebook

      Lisjebøvegen 10, Fosnavåg, Norway

   
Montag
08:00-21:00
Dienstag
08:00-21:00
Mittwoch
08:00-21:00
Donnerstag
08:00-21:00
Freitag
08:00-21:00
Samstag
Geschlossen
Sonntag
Geschlossen


Hinterlassen sie einen kommentar


Andere in der Umgebung



"Finden Sie Ihr Restaurant mit einem Klick"