Karnilstunet

Abstimmen 4.3 (Durchschnitt von 15 Meinungen)

Vakre Karnilstunet gjev ei perfekt ramme for dei fleste typar selskap og hendingar. Kontakt Karnilstunet ved Kåre Hauge for ei uforplikta samtale.

Karnilstunet


Karnilstunet er på garden Hauge, to kilometer vest for kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.

Tunet er ein av gardane som vart skilt ut frå den gamle storgarden Hauge (og senere Indre Hauge). Navnet Karnils er en lokal dialektisk variant eller kallenavn av Kornelius. Garden var i på slutten av 1500-tallet ein lensmansgard. Den fyrste Kornelius tok over garden i 1744, og generasjonane med bønder som kom etter skifta mellom Kornelius og Eirik/Erik heilt til den siste Kornelius Hauge som døyde ugift i 1988. Han etterlet garden til amerikanske slektninger som igjen let «Stiftinga Karnilstunet» overta.

Styret i stiftinga er sett saman av representantar frå kommunen, Nordfjord folkemuseum, Gloppen Bondelag, Gloppen Bygdekvinnelag, Gloppen sogelag og grannelaget.

Målet til stiftinga er å få garden til å vere ein levande stad med aktivitet, og samtidig stå for vedlikehald og å skaffe midler til dette. Hovudhuset har vore leigd ut til danske billedkunstnarar som har budd på garden for å få inspirasjon og nye impulsar. Utsikta frå gardtunet til dei flotte fjellrike naturområde rundt fjorden har gått att i bileta frå kunstnarane som har budd her.

    Food & Beverage, Agriculture Company

   48000388

      Facebook

      Indre Hauge, Sandane, Norway

Hinterlassen sie einen kommentar




"Finden Sie Ihr Restaurant mit einem Klick"